Ting skjer…!

Tre veker sidan førre innlegg… Dagane flyg og ting skjer! Livet i Cochabamba er ikkje jedeleg. August har gått med til «å få orden» på kvardagslivet. Det meste har gått etter planen så langt. Ingvild og Sindre er godt i gong på den norske skulen. Simen byrja på ein av dei amerikanske skulane, men etter nokre veker valde me å avslutta det prosjektet. Opplegget var langt frå ein norsk skulekvardag. Utfordringar med språk (Simen kan ikkje spansk, og mange viktige personar i skulekvardagen kunne ikkje engelsk) var og medverkande. Me er alle nøgd med at Simen no får gå på språkskule og bli kjent med landet, kulturen og vårt arbeid. Til neste haust ventar vidaregåande i Norge, men før det skal mykje opplevast og lærast!ImageSkule og språkopplæring fyller sjølvsagt store delar av kvardagen, men i helgene har me fått med oss litt andre opplevingar. For halvanna veke sidan var Sindre og meg med på tur til fjellet Tunari (5030 moh).  Det var språkskulen til Simen (og alle kollegane våre utanom oss….) som arrangerte turen. Me fekk ein flott tur, men snøvær og kulde hindra oss i å koma heilt opp til toppen den dagen. Nokre studentar frå Universitetet i Bergen var med på turen, og Sindre likte godt å treffa fleire nye som snakka norsk 🙂

ImageI helga opplevde me vår første BILFRIE dag i Bolivia. Fire dagar i året har myndigheitene vedteke at vegane berre skal vera opne for fotgjengarar og sykkelistar, pluss ein og annan mopedist. Det var ein heilt spesiell dag med friskare luft enn vanleg. Barn og vaksne sykla, smilte, spela fotball i vegbana og hadde piknikk på dei grønne midtrabattane på hovudvegane. Fantastisk at noko slikt kan gjennomførast. Skulle likt å sjå den regjerninga i Norge som våga å innføra fire dagar bilforbud over heila landet for miljøet si skuld…! Kanskje ein kampsak for Erna og Knut Arild til neste haust?

ImageKvar søndag deltek me på gudsteneste i ei av kyrkjene til den lutherske kyrkja som NLM samarbeidar med her i landet. Sjølv om me langt ifrå forstår så mykje av song og tale, så er kjensla av fellesskap viktigast. På den bilfrie søndagen gikk me til den næraste av dei tre kyrkjene og fekk med oss gudsteneste, påfølgjande felles middag og sportslege aktivitetar for heile familien i den bilfrie gata utanfor.

Dykkar i tenesta! Arnfinn 

Legg igjen en kommentar